Planlegg du tur med fotball-laget, idrettsklassen, turgruppa, symkjeklubben eller har planar om å arrangera leir, kurs eller andre samlingar?
Ta kontakt så finn me den gode løysinga!
"Vi har hatt en super tredagers sportssamling på Campus Rygjatun. På sportshotellet ble vi godt tatt imot med god mat og flotte rom. Vi koste oss med beachvolleyball, bading, håndball og hyggelige sosiale kvelder i fellesarealene!"
~ Loes Torfs, faglærar Idrettsfag ved Strand VGS

Nydelege Solheimsbygget er nå vårt gjestehus og kan husa omlag 50 gjerster fordelt på enkle, doble og 4-sengsrom. Med felles dusjar og toalett, opphaldsrom og tekjøkken, fungerer gjestehuset supert for våre besøkande gjester. Alle måltid føregår i vår matsal tvers over tunet. Ved behov for sosialt samvære innomhus, har me fleire aktuelle rom i vårt nybygg.
I toppmoderne standard har me ei eiga gjesteavdeling i det nye bygget som stod ferdig i 2025. I underetasjen finn du seks doble rom og to romslege leilegheiter med ekstra soveplass. Her ligg også eit stort og triveleg fellesrom med fullt utstyrt kjøkken, spiseplass og sofakrok med stor TV. Avdelinga har eigen inngang.
I tillegg har me fem rom i dei øvre etasjane som er til leige. Felles for alle rom er dobbelseng, skrivebord og eige bad. Ein kan velga å ordna mat sjølv eller få alle måltid servert i vår matsal.
I skulen sin sommarferie blir også 75 elevrom tilgjengelege for besøkande i dette bygget, fortrinnsvis for større grupper.
.png)