Her bur vollyball-ungdom frå heile Noreg tett saman medan dei tek utdanning ved Sauda Vidaregåande skule, avdeling ToppVolley Norge.
På internatet legg me stor vekt på tryggleik, kvile, gode matvanar og det gode fellesskap.
Rygjatun har dedikerte tilsette som brenn for å skapa samhald og varige band, og saman bygger me ein kvardag slik at tida hos oss blir ein god plattform å bygga livet sitt vidare på.
Hausten 2025 stod eit heilt nytt internat ferdig på Rygjatun. Bygget går over tre etasjar og rommar store, luftige rom med god standard. Alle rom har skrivepult, god oppbevaringsplass, dobbelseng og eige bad.
Internatet er heimen til andre- og tredjeklassingane ved ToppVolley Norge. I tillegg har bygget ei eiga gjesteavdeling med rom og leilegheiter for utleige til familie og andre gjester.
Nybygget har romslege fellesareal med kjøkken og komfortable møblar som gir ein naturleg møteplass for gode stunder mellom øktene. Her finn ein òg elevane sitt felles vaskeri, med ti vaskemaskinar, tilhøyrande tørketromlar og gode moglegheiter for å henge klede til tørk.
93-bygget, også kjent som 1. klasse-bygget, rommar 30 rom i ulik storleik. Kvart rom er utstyrt med seng, skrivepult, klesskap, hyller og servant.
Bygget har felles dusjar og toalett, samt to trivelege fellesrom med sofakrok og heilt nye kjøkken.
Med sterkt fokus på fellesskap er 93-bygget eit livleg og inkluderande internat, som legg til rette for gode relasjonar og tre lærerike og minnerike år ved ToppVolley Norge.
Tillit er bærebjelken vår. Derfor har me få, men tydelege reglar på internatet. Me møter kvarandre med respekt, og tek vare på oss sjølv og fellesskapet vårt. Me lærer at me kjem lengst om me gjer det saman.
Rogaland fylkeskommune står for utleige, kontrakt og fakturering til elevane.
Rygjatun har personale til stades frå kl. 06.00–21.30 i kvardagar, og frå kl. 13.00–20.30 i helgane, utover dette har me vakttelefon. Elevane deltek i daglege kjøkkenvakter, og i helgane er det desse som syter for felles frukost.
Heile området er røyk- og rusfritt for både elevar og gjester.
Livet langt heimefrå kan både vera spanande og utfordrande. Me har difor stort fokus på å støtta opp om kvarandre, i gode og i meir krevjande tider. Me løftar kvarandre, deler på ansvaret og slik bygger me vennskap som varer.
På Rygjatun jobbar me tett saman med ToppVolley Norge, slik at ungdomane møter dei same verdiane på skulen, på trening og på internatet. Me deler ei felles forståing av kva som skal til for å trivast, vekse og stå seg godt i livet. Resultat varer ei stund, gode val varer livet ut.
.png)