Med Campus Rygjatun som base for ei god natts søvn og sunn, næringsrik mat, ligg alt til rette for eit aktivt opphald på Sand. Innanfor ein radius på hundre meter finn ein fotballbanar, symjebasseng, discgolf, tuftepark, beachvolleyball-banar, styrkerom og idrettshall.
- men Sand og Suldal er uendeleg mykje meir!
Velkommen til Skattkammeret Suldal!

Suldalshallen er ein fleirbrukshall i idrettsanlegget på Eide, brukt til trening og ulike idrettsaktivitetar. Hallen ligg tett på Sandhallen, Suldal Bad og Campus Rygjatun. Suldalshallen har tre treningsbanar for volleyball, samt centercourt som går over heile hallen. Her finnst eit godt utstyrt styrkerom og nyleg opna også eit gamingrom for e-sport og digital aktivitet.
Sandhallen på Sand er den føste av sitt slag i Norge og er bygd etter internasjonale standardar. Den har tre baner, ny belysning installert i 2025, oppvarma sand og med ein takhøgde på tolv meter.
Anlegget har vore ei viktig styrking av tilbodet til ToppVolley Norge. Hallen rommar òg eit treningsrom med utsyn over sandvolleyballbanene.
Anlegget er anbefalt av Norges Volleyballforbund.
I tillegg til innendørsbanane finnst det og fire utandørsbanar.

Suldal Bad - Eit bad for alle.
Vår næmaste nabo er eit moderne bade- og aktivitetsanlegg med spektakulær utsikt over Sandsfjorden og fjella i kring. Her finn du 25-meters basseng, barnebasseng, sklie, klatrevegg og stupetårn, samt velværeavdeling med terapibasseng, badstove og uteboblebad. Fysen på ein latte? Den finn du i kafeen på Suldal Bad.

Eide er stadnamnet på området vårt. I tillegg til fasilitetane som er nemnde over, finnst her også løpebane, kunstgrasbane til 7-er fotball, stor grasbane, fotballbinge, discgolf, tuftepark og basketball. Alt innanfor ein radius på 100 meter!
Frå Eide kan du gå rundtur rundt heile Sand. På vegen finn du Høsebrua som kryssar den kjende lakseelva Suldalslågen. Ta tusen innom Strandstaden Sand med sine koselege butikkar og kafear. Her finn du også badestranda Neset i Norenden. Returen tilbake til Campus går via Eidsvegen langs fjorden.
Den sjarmerande badeplassen Jovika ligg få minuttars gange frå Campus og lokkar med eit friskt sjøbad.
Når du går ut av døra på Rygjatun, trør du rett inn i mektig natur. Her kan alle finna turen som passar seg. Øvst ruvar Hellandsnuten som er verdt slitet opp bakkane. På toppen ventar belønninga med utsikt over "heile verda"!
I Suldal er moglegheitene for mektige naturopplevingar endelause. Finn ditt neste eventyr her: Velkommen til Skattkammeret Suldal!

Kulturhuset tilbyr kino, bowling, eit rikt kulturprogram, bibliotek og kafé. Du finn det i Sand sentrum, kun ti mimuttar til fots frå Rygjatun.

-eller "Gatå" som me seier på Sand. 10 minutts gange frå Rygjatun, eller to minutt i bilen, og du kjem til stranstaden Sand som ligg idyllisk til ved Sandsfjorden. Her legg hurtigbåten frå Stavanger til kai, og du finn det du treng:
Ryfylkemuseet Nesasjøhuset
Bunnpris
COOP Extra Suldal
Bustad
Ein 20 minuttars køyretur tek deg til Gullingen og omegn. Her ligg alt til rette for skiturar i oppkøyrde løyper eller ein kan ta ut på ei mengde turar på eigenhand.
Ein times køyretur tek deg til snøsikre og varierte alpinløyper i Røldal eller Sauda.