Om Rygjatun

Rygjatun er eit internat og ein møtestad der fellesskap, tryggleik og kvardagsliv står i sentrum. I meir enn hundre år har staden på Eide på Sand vore ein kjær samlingsstad der menneskemøte, læring, utvikling og fellesskap har stått sterkt. Dei siste tjue åra har Rygjatun vore heimen til ungdom som kombinerer skule og toppidrett på ToppVolley Norge.

Vårt formelle namn er Ryjgatun Eigedom AS og er heileigd av Suldal kommune. Det er trygt å kjenna at me har ein kommune som satsar på framtida. I 2025 stod eit toppmoderne internatbygg ferdig på tomta vår, noko som gir kjensla av vind i seglet for unge menneske som har kvardagen sin langt heimefrå. Med utvida kapasitet er det også mogleg for eksterne gjester å komma til oss på Sand heile året.

Rygjatun består av fire bygg:

  • 93-bygget: Internat
  • Nybygget: Internat
  • Solheimsbygget: Gjestehus
  • Administrasjonsbygget: Kjøkken og matsal. På dagtid har også Introsenteret i Suldal basen sin her.

Rygjatun skal vera ein trygg arena der menneske heiar på kvarandre slik at både prestasjonar og personleg utvikling får rom til å veksa. Gode fellesskap bygger gode menneske for framtida.





Sjå film frå opninga vårt nye internat hausten 2025:

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår personvernerklæring for meir info.