Om Rygjatun

Ryfylke Folkehøgskule vart starta i 1912. Det var på øya Ombo. Alt året etter flytta skulen til Sand. Etter to år i Ungdomstunet og så fem år i det gamle skulehuset på strandstaden, kunne folkehøgskulen i 1920 flytta inn i eigne hus. Den nye skulestaden fekk namnet Rygjatun.  

I 80 år fylte folkehøgskule-ungdommar desse bygningane. Ein stopp var det i det siste krigsåret, 1944-45. Då stengde så godt som alle folkehøgskulane dørene etter at tyske planar om tvangsmobilisering av ungdommar var avdekte.

Bautasteinen som står sentralt i tunet, er til minne om Bernhard Håvardsholm, som var skulestyrar i 1940. Han vart svært aktiv i motstandsarbeidet. Han kom seg over til England og var aktiv i Kompani Linge. Fleire gonger reiste han over Nordsjøen og organiserte motstandsgrupper i Ryfylke og andre stader. Etter utført oppdrag i november 1941, reiste han tilbake mot Shetland med M/B Blia. Båten forliste og alle ombord omkom. Tidlegare elevar reiste minnesteinen.

Folkehøgskulen hadde skiftande elevtal gjennom åra. Den store tida var i 1960-åra. Då  kunne Ryfylke Folkehøgskule ta i bruk eit flunkande nytt bygg med gymnastikksal, symjebasseng, to store formings salar, klasserom og ny internat avdeling.

Få år seinare, i 1970, kom eit nytt på bygg med endå ei internatavdeling, lærarbustader, bibliotek og peisestove, og i 1990-åra kom det som lenge vart kalla det nye internatet. Bygningane frå 1960-og-70-åra er nå historie. Dei måtte vika plass då nye, moderne bygningar vart reiste og tatt i bruk i 2025.

"Jamvel om mykje er nytt, har det rotfeste i same jorda"

Etter utbygginga 1964 vart skulen eit idrettssenter i bygda. Folkehøgskulen starta opp med ei populær idrettslinje. I gymnastikksalen fekk IL Sand spela volleyballkampar og gjorde denne sporten til den mest populære idretten på Sand. I bassenget hadde symjegruppa i idrettslaget treningane sine, og mange lag og grupper hadde aktivitetar i sal og basseng.

Rygjatun var elles det store kultursenteret i Suldal før kommunen fekk eige kulturhus. Det var til Rygjatun at Riksteatret, Rikskonsertane, Riksgalleriet og Folkeakademiet kom med sine arrangement, Rogaland Ungdomslag, idrettskretsen og andre skipa til kurs og samlingar her, og skulen sine eigne festar og opne tilstellingar var omtykte.

Venner av folkehøgskulen tykte det var leitt då skulen stengde dørene i år 2000, men i dag gleder dei seg stort over at spreke, gilde ungdommar fyller salane på Rygjatun.

Ingvar Olimstad

Tidlegare lærar og rektor ved Ryfylke Folkehøgskule

To menn med solbriller ved et lite tre foran et hus med dekorative vinduer.
Vaktmeister Jostein Bråtveit (tv) og rektor Ingvar Olimstad planta i 1984 ei nytt tuntre på Rygjatun. "Jamvel om mykje er nytt, har det rotfeste i same jorda"
To store hvite bygninger på en plen med trær og en norsk flagg som vaier på flaggstangen.
Campus Rygjatun 1923
Luftfoto av et gårdsområde med flere bygninger, omgitt av skog og åpne jorder.
Campus Rygjatun 1964
Hausten 2025 stod nybygget og uteområdet ferdig
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår personvernerklæring for meir info.