Verdiane våre

Vårt felles mål saman med ToppVolley Norge er at ungdomane våre skal stå sterkt i livet.
Tett samspel mellom internat, skule og idrett skapar ein heilskap der fellesskap, tryggleik og utvikling går hand i hand. Ein god heim gir grobotn for nye mål – på banen og i livet

Tillit i praksis

Me har få, men tydelege reglar. Her tek me vare på kvarandre og oppfører oss ordentleg. Kvar av oss har ansvar for seg sjølv – og for fellesskapet. Heile området er rusfritt.

Fellesskap

Her blir du ein del av noko større enn deg sjølv. Me ber kvarandre gjennom både kvardagar og høgdepunkt. Fellesskapet er styrken vår – og det deler me med andre som besøker oss.

Naturen og ro

Rygjatun ligg midt i vestlandsnaturen, med ro, rom og utsikt som gir perspektiv. Naturen held oss jorda, spesielt når ambisjonane er store og livet av og til luggar.

Gagns menneske for livet

ToppVolley Norge handlar ikkje berre om å utvikle toppidrettsutøvarar, men menneske. Resultat varer ei stund. Gode val varer livet ut. Me på Rygjatun strekk oss langt for at grobotn skal bli så bra som mogleg slik at du forlet oss som eit gagns menneske for livet.

Maken skal ikkje finnast

Ungdom frå heile landet samlast i ein trygg kokong med gode fasilitetar for sportsleg og fagleg utvikling. Saman med ToppVolley Norge er me saman om det som er varmt, tett og ekte. Maken skal rett og slett ikkje finnast!
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår personvernerklæring for meir info.