Mat er viktig for utvikling, vekst, prestasjon og trvisel, og me tek oppgåva på største alvor. Kvar dag gjennom heile veka serverer me fullverdige og sunne måltid utvikla i samarbeid med ernæringsfysiologar frå Olympiatoppen, alt er tilpassa unge toppidrettsutøvarar i vekst.
Me leverer også mat ut av huset: Andre tenester

Kjøkkenleiar Tone og teamet hennar legg sin stoltheit og omsorg i at Rygjatun skal kjennast som heime. Derfor er det ikkje skjeldan at eimen av heimebakst snirklar seg gjennom campus og lokkar fram den gode kjensla. Hjå oss skal alle kjenna seg velkomne, trygge og mette.
Det er alltid høve til å smørje seg ei god niste ved frokost. Besøkande gjester er velkomne til å ete med oss. For større grupper finn me tider for måltid som passar planlagt opplegg.